Folgefonna på tvers

Kvam turlag gjekk på tvers av Folgefonni.
Kvam turlag gjekk på tvers av Folgefonni. Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Dagen etter grunnlovsdagen gjekk Kvam turlag på tvers av Folgefonna, frå sommarskisenteret i Jondal til Måge ved Sørfjorden.

Heile 43 kvemmingar møtte på kaien i Tørvikbygd for å gå over Folgefonna denne nydelege vårdagen. Siste mann hadde meldt seg på nær midnatt dagen før. 

Buss frå Jondal til Sommarskisenteret der skituren byrja. Me fulgte merka løype til toppen av nordfonna, der me tok ein stopp for litt mat - og for å ta bildet over.

Derfrå var det berre 1600 høgdemeter nedover att. Stort sett slake bakkar på breen, seinare nokre brattare parti å leika seg i. Sørfjorden dukka etterkvart opp, og me tok nokre stopp for å samla troppane og nyta utsikta.

Fakta

  • Folgefonna er Noregs tredje største bre.
  • Nordfonna er lengre nede på lista(11.plass)
  • Høgste punkt er vel 1600 moh.
  • Lett tilgong frå sommarskisenteret i Jondal.

Skrevet av Kjell Inge Tufte Tyssen 26. november 2014