HYTTER I KVAMMAFJELLA

Breidablikk i Kvam
Breidablikk i Kvam Foto: Torill Aase
Kvam turlag har tilsyn med tre hytter i Kvammafjella, Breidablik, Kiellanbu og Vending. Saman med Gullhorgabu og Høgabu gir det eit godt tilbod til dei som vil gå frå hytte til hytte nokre dagar.

Med hyttenettet i Bergsdalen/Kvammafjella så har du anledning til å gå frå hytte til hytte også med ungar, då fleire av hyttene ligg såpass tett at dei egnar seg også for små føtter. 

Ta turen!

Breidablik

Breidablik ligg eit par timar frå Vending eller tre-fire timar frå Fitjadalen. Breidablik er berre open om sommaren, vanlegvis frå byrjinga av juli til midten av september. Hytta har då hyttevakt buande på hytta. Det er 10 sengeplasser på hytta, og hytta er utan proviant, men har gass og ved. 

Kiellanbu

Kiellanbu ligg på kanten av Fyksesundet, har seks sengeplassar og er utan proviant, men du finn gass og ved. Hytta er open heile året. Hytta nåast enklast frå Hodnaberg, men kan også nåast frå Botnen, eller Vending og Breidablik (ca ein dagsmarsj). 

Vending

Vending når du på eit par timar frå Hamlagrø, eller ein god time meir frå Fitjadalen. Hytta er fullt utstyrt med mat, gass og ved. Open heile året.

Bergsdalen

I bergsdalen finn du også Høgabu og Gullhorgabu i sti-nettet til DNT. 

Dugnadsinnsats

Kvam turlag har tilsyn med hyttene Breidablik, Kiellandbu og Vending. 

Kunne du tenkt deg å gjera ein innsats på ein av hyttene, stor eller liten - no eller seinare?
Kan du tenkje deg ei veke, eller ei langhelg som hyttevakt på Breidablik?

Sjå her for meir informasjon!

Foto: Svanhild Helgesen