Kryss og krakje-slutt på Sjusete

Kvam i kryss og krakje avslutning på Sjusete
Kvam i kryss og krakje avslutning på Sjusete Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Kvam turlag markerte slutte på Kvam i kryss og krakje i 2015 med ei uformell samling på Sjusete. Omlag 60 personar var innom oss iløpet av dei to timane me var der.

Me heldt fyr i bålpanna så folk kunne grille lunsjen eller berre marshmallows. Inne i skistova serverte me vafler og kaffi til alle som ville ha. Fleire nytta løypenettet eller området rundt til ein sundagstur.

Me trakk premiane for deltakinga i Kvam i kryss og krakje, og trekniga var det turlags-maskoten Turbo som stod for. 

Bamse (Kvar er turbo-konkurranse på baksida av bada-kryss og krakje):

Torjus Grevstad

Kasper Snilstveit Lundervik

Oda Linnea Kaldestad

Ingerid Gravdal

Badna Kryss og krakje (fullført alle 10 turar):

Jarand Holmefjord Tyssen, Norheimsund - Thermos

Nora Margrethe Fonneland, Norheimsund - Hovelykt

Håvard Aalvik Stranden, Ålvik - Snø-sparkesykkel

Kryss og krakje (fullført alle 20 turar)

Elisabeth Fremgaard, Øystese - To hytteovernattingar

Sidsel Irene Heltveit, Oma - Gåvekort - MoSport - 1000kr

Torgrim Kolltveit, Tørvikbygd - Gåvekort - MoSport - 2000kr

Me tek kontakt med vinnarane som ikkje var tilstades på Sjusete.

Kvam turlag takkar for oppmøtet på Sjusete og me takkar for deltakinga i årets Kvam i kryss og krakje. Kjekt at mange har komme seg rundt og sett nye stader i Kvam - det er jo so mykje flott å sjå. 

Kvam turlag takkar og for samarbeidet med MoSport i årets utgåve av Kvam i kryss og krakje.

Litt foreløpig statistikk:

Me har fått inn omlag 370 kryss og krakje kort i år. Det er ein liten nedgong frå fjordåret. 

Med i trekinga i går var det 94 kort med tjue klypp, og 35 badnakort med 10 klypp.

Premietrekning i skistova på Sjusete
Premietrekning i skistova på Sjusete Foto: Astrid Holmefjord

Skrevet av Kjell Inge Tufte Tyssen 2. november 2015