Avslutning for Kvam i kryss og krakje

Kvam i kryss og krakje
Kvam i kryss og krakje Foto: Maria F. Skeie

Årets utgåve av Kvam i kryss og krakje er slutt. På sundag 1.november markerer me slutten med ei enkel samling på Sjusete. 



Mellom 13 og 15 held me liv i bålpanna slik at du kan svi din eigen middag.
Me serverer kaffi og vafler inne i skihytta.
Ca. klokka 14 trekkjer me premiane for dei som har gjennomført alle turane. 
Me oppfordrar alle til å gå seg ein tur i området rundt Sjusete. Prøv for eksempel ein runde i fem-kilometeren på sommarføre. (Visste du at lysløypene også er opplyste no om hausten?)
Velkomne!

Skrevet av Kjell Inge Tufte Tyssen 29. oktober 2015