Trefjellstur (Byrkje-Iende-Fugla)

Fellestur

Dato
19. april kl. 08:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: 
Påmelding til turleiar innan 18.april

Turskildring: 
Turen startar på Kvamskogen i nærleiken av Jonshøgdi spenner me på oss skia og går oppover mot Tryggakleiv og vidare dei bratte bakkane opp til fortoppen på Byrkjefjell før det flatar litt ut opp til høgste punktet på fjellet. Ein liten nedfart til inngangen av Purkegjelet, som me følger oppover nesten til endes før me tek ut kursen mot toppen på Iendefjell.

Frå Iendefjell er det ei flott nedkøyring til Gråureskaret før me får litt kuppert terreng med nokre innslag av bratte bakkar inn mot toppen av Fuglafjell, Kvam sin høgste topp på 1334meter over havet.

Me går nedatt om Sørfuglen og får ei fin nedskriing mot Myklavatnet. Over vatnet og vidare ned til Sjusete via Krok.

Lengd
22 km og 1500 høgdemeter

Mat: 
Ta med godt med niste.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. 
Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring og eventuell transport frå Fitjadalen til Hovland/Øystese. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent.

Kart:  
Kart Kvamskogen og Bergsdalen 1: 50000

Trefjellstur (Byrkje-Iende-Fugla)

Oppmøte:  Påmelding til turleiar innan 18.april Turskildring:  Turen startar på Kvamskogen i nærleiken av Jonshøgdi spenner me på oss skia og går oppover mot Tryggakleiv og vidare dei bratte bakkane ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Evy Kleivane