Stiar

T-maling mellom Vending og Hamlagrø
T-maling mellom Vending og Hamlagrø Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Kvam turlag vedlikeheld omlag 100 kilometer med merka stiar i fjellet inn mot turlagshyttene Vending, Kiellandbu og Breidablik. 

I tillegg er det i Kvam ein rekkje merka stiar i regi av grendelag i dei ulike bygdene frå Ålvik til Oma. 

T-Merka stiar

Vending: Me har merka stiar til Vending frå Hamlagrøosen, Fitjadalen, Breidablik, Botnen, Kiellanbu, Gullhorgabu og Wallemtunet via Skeiskvandalen. 

Nokre av desse er pt. i litt dårleg merka - i hovudsak gjeld det frå Kråketjørna via Storeskår til Vending på ruta frå Skeiskvandalen, og det gjeld på stien frå Vending og austover mot Kiellanbu.

Kiellandbu: Me har merka stiar frå Vending og Hamlagrøosen. I tillegg av Voss utferdslag merka sti frå Hodnaberg til Botnen. Stien frå Kiellanbu til Botnen er under utbetring.

Breidablik: Me har merka stiar frå Fitjadalen og frå Vending via Solheimsdalen. 

Alle stiane er teikna inn på kartet til ut.no.

Andre stiar

Det er merka stiar mange stader i Kvam, men noko samla oversikt over kva stiar som er merka finnes ikkje. Me vil etterkvart lage ei oversikt over nokre av dei vanlegaste startstadene på denne sida. Noko informasjon finn du her.

Dugnadsinnsats

Kvam turlag vedlikeheld rundt 100 kilometer med stiar på dugnad. 

Kunne du tenkje deg å male nokre t-ar eller reise nokre vardar på oppdrag frå turlaget samstundes som du får rikeleg med frisk luft og flott utsikt?

Sjå her for meir informasjon!