Om Kvam turlag

Kvam turlag arrangerer turar i og utanfor Kvam for kvemmingar og andre som vil bli med oss på tur. 

Turane er fyrst og fremst sundagsturar av varierande lengde og vanskegrad, og onsdagsturar ein del onsdagskveldar klokka 1800. Onsdagsturane varar vanlegvis ca. 3 timar, men er og av ulik vanskegrad.

Kvar tysdag har Fotalaget i Norheimsund turar med start klokka 1000 frå parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund.

Kvam turlag vart stifta i 1994 som eit lokallag under Bergen Turlag/Den Norske Turistforening.

Laget har i dag vel 500 medlemmer, og er framleis medlem av Bergen og Hordaland turlag og Den norske turistforening.