Merka stiar?

Familie på fire fant 64 T-merkinger fra stistart i Hodnaberg til Torfinnsheim. Hvor mange finner du?
Familie på fire fant 64 T-merkinger fra stistart i Hodnaberg til Torfinnsheim. Hvor mange finner du? Foto: Einar Sæther, Bergen og Hordaland Turlag

Kvam turlag vedlikeheld omlag 100 kilometer med merka stiar i fjellet inn mot turlagshyttene Vending, Kiellandbu og Breidablik. 

Dette er eit krevjande arbeid då mange av rutene krev vedlikehald kvart år.

Har du lyst å bidra? Meld deg til teneste så skal me få deg i arbeid!

Dette er fint arbeid for friluftsfolk, du får vera ute, gjerne flytta på litt stein, bygga nokre vardar og mala t-ar. 

Om du ynskjer det, vert det arrangert kurs i vardebygging og merking i regi av Bergen og Hordaland turlag. 

Merkar du stiar for turlaget dekkjer me eventuelle nødvendige opphald på hyttene og transport. 

Meld deg i skjemaet, så tek me kontakt!