Kvam i kryss og krakje 2019

Vikdedalsnebbet
Vikdedalsnebbet Foto: Tina Gjerde

I årets utgåve av Kvam i kryss og krakje har me valgt å resirkulere tjue av dei flotte turmåla frå tidelgare år. Alle turmåla ligg langs traseen til fellesturane i Kvam på langs. Det betyr at du kan få alle postane ved å vera med på alle sju fellesturane som går vår og haust i år.

Du kan sjølvsagt og gå turane på eigahand og få kortare (eller lengre) turar  og fleire gode dagar i fjellet.

Postkassetrimmen eller klyppekort?

Ordninga med klyppekort fortset som tidlegare, men i tillegg har me og moglegheit for registrering av besøk på turmåla med turappen Postkassetrimmen (du finn den i App Store for Iphone og Google Play for Android telefonar). Me ber deg om bruken enten appen eller klyppekort for å unngå ekstraarbeid for oss. Klyppekorta får du på Mo Sport og på biblioteka i Ålvik, Norheimsund og Strandebarm - eller du kan lasta det ned her.

Premiering

Me deler ut deltakarpremie for alle som går 10 turar eller meir. For born fødd etter 31.12.2006 er kravet fem turar. 

Det vert og trekt gåvekort blant dei som besøker alle 20 turmåla.

Turmåla

Informasjon om turane finn du bak lenkene på høgre sida her, inkludert kart, gps-spor, lengde, gradering og turskildring.

Me gjer merksam på at dei fleste turane ikkje er merka, og at kart og kompass er standardutrustning. Hugs òg at fleire stader har same namn, sjekk difor at du går til rett stad.

Fristar

Registreringa er open i Postkassetrimmen frå 10.mai til 14.oktober. Klyppekorta må vera levert innan 1.november. Merk at alle postane ikkje er ute til 10.mai, og at alle står til minst 14.oktober - men kan og stå monaleg lengre.

Hugs!

Hugs båndtvang, fornuftig parkering og sporlaus ferdsel. Me er gjester i matfatet til mange (hus)dyr og på stølsvollane til mange bønder. Ta hensyn. 

MoSport
MoSport Foto: MoSport