Kvam i kryss og krakje 2018

Kjel
Kjel Foto: Ingunn Bjørke

Årets Kvam i kryss og krakje er avslutta.

Me ynskjer å få inn flest mogleg av postane, så er du forbi ein av dei - ta den gjerne med deg.  Nokre er allereie komme ned, dei er merka med stjerne.

Frist for å levera korta for å vera med i trekninga er 1.november.

Det vert avsluttning og trekking av premiar 11.november på Sjusete. Velkomen!


Kvam i kryss og kakje 2018 er femte sesong av turposttrimmen. Me har tjue nye turmål me vil visa deg.

Klyppekort finn du som tidlegare på Mo Sport og hjå biblioteka. Eller du kan laste det ned her og skrive ut sjølv.

Informasjon om turane finn du bak lenkene på høgre sida her, inkludert kart, gps-spor, lengde, gradering og turskildring.

Me gjer merksam på at dei fleste turane ikkje er merka, og at kart og kompass er standardutrustning. Hugs òg at fleire stader har same namn, sjekk difor at du går til rett stad.

Kvam turlag arrangerer fellestur til mange av turmåla, kommande fellesturar finn du lengre nede.

På kvart turmål finn du ein postanvisar med DNT-logo og ei klyppetang. Den brukar du til å klyppa på rett turmål på andre sida av kortet. (På dei mest verutsette stadene er det berre klyppetang, typisk i toppvarden)

- Alle som går minimum ti turar får deltakarpremie, for born fødd etter 31.12.2005 er fem turar kravet. Turane er fritt valde i alle områda.

- Alle som går alle turane er med i trekninga om minst tre premiar.

-  Nytt i år: Joker! Eit valfritt turmål kan bytast ut med ein valfri fellestur med turlaget. Turleiar signerer på kortet på det turmålet du vil byta ut.

Kvam i kryss og krakje går frå 26.mai 2018 til og med 14.oktober 2018.  Sjekk nettsidene for å sikra deg at posten er utplassert.  Kortet må vera levert innan 1.november på biblioteket eller hjå Mo Sport.


Fellesturar:

Ingen kommende aktiviteter.

Postar merka med stjerne er teke inn.

Giljafell *
Sjusete *
Syrdal *
Brattefonn *

Sogestien *
Eivindsete *
Klippe *
Kjetilsnuten *

Herand
Heljesteinen *
Kjel *
Fotasperrnuten

Jørstadvatn ​​​​​​*
Tjørnafjellet
Linghiller *
Øyjordsvatnet *

Neshalvøya *
Skår *
Tolahella 
Lauvsete *

Rundturar:
Tjørnafjell-Jørstadvatnet
Tolohella-Lauvsete

Gje gjerne tilbakemeldingar til oss på kjell.tyssen@dnt.no

Hugs!

  • Båndtvang
  • Fornuftig parkering
  • Ta hensyn til husdyr
  • Lat att grinda
  • Sporlaus ferdsel
  • Kart og kompass
  • Utstyr etter turmål
  • Turmål etter evne –delta gjerne på fellestur!
KKK på Dalsete
KKK på Dalsete Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Hovudsponsor

MoSport
MoSport Foto: MoSport