Kvam i kryss og krakje 2017

På veg til Manfjell
På veg til Manfjell Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Kvam i kryss og krakje 2017, fjerde sesong er her og me har tjue nye turmål til deg.Nokon lette, nokon vanskelege, dei fleste noko i mydlo.  For å vera med treng du eit klyppekort. Det kan du enten skrive ut sjølv, eller hente på biblioteket eller Mo Sport.

Informasjon om turane finn du i lenke på kvart turmål under, inkludert kart, gps-spor, lengde, gradering og turskildring. Me gjer merksam på at dei fleste turane ikkje er merka og at kart og kompass er standardutrustning.

Kvam turlag arrangerer fellestur til mange av turmåla. Er du usikker på eigne kunnskapar eller berre vil ha selskap anbefalar me ein fellestur. Er du medlem er det gratis, om ikkje er det ei lite deltakaravgift (30-50kr). 

På kvart turmål finn du ein postanvisar med DNT-logo og ei klyppetang.

- Alle som går minimum ti turar får deltakarpremie, for born fødd etter 31.12.2004 er kravet fem turar. Turane er fritt valde i alle områda.

- Alle som går alle turane er med i trekninga om minst tre flotte premiar.

Kvam i kryss og krakje går frå 18.mai 2017 til og med 15.oktober 2017.  Sjekk nettsidene for å sikre deg at posten er utplassert.  Kortet må vera levert innan 1.november på biblioteket eller hjå Mo Sport.

GOD TUR!


Årets KKK er i ferd med å avsluttast - korta må leverast innan 1.november. Postane som er tekne inn er merka med stjerne i oversikta under. Me er takknemlege for all hjelp med å få inn postane!

Inst

Toppen *
Barlindflaten *
Naglaklepp *
​​​​​​​Vikedalsnebbet *

Midtre

Skrott *
Smørdalen
Botnane *
Fagrasete *

Skogen

Eggjasete (Kvamskogen - Neteland) / Eggjasete (langs vegen) *
Såta *
Fossdal
Tveitakvitingen *

Nest ytst

Blomsete *
Frosnotten *
Kjoshella *
Stuastøl 

Ytst

Grønli
Dalsete
Storafjell
Gravdalshorga

Dei tjue turmåla kan fint kombinerast i færre men lengre turar. 
Vikedalsnebbet, Naglaklepp og Toppen kan takast i ein tur.
Skrott, Smørdal og i og for seg Botnane same leis (om du er klar for ei utfordring kan du ta Kvandalseggene nedatt frå Skrott)
Tek du turen til Tveitakvitingen kan du gå via Såta og nedatt via Fossdal.
Blomsete, Frosnotten og Kjoshella kan fint kombinerast.
Grønli og Dalsete er greie å ta i ein tur.

Under er fellesturar som går til Kvam i kryss og krakje-turmål lista - fellesturane til Kvam turlag er opne for alle. De som ikkje er medlem betalar ein liten turkontingent (30-50kr) for å vera med. Me anbefalar fellesturane spesielt til dei turmåla som er mest krevjande.