KRYSS OG KRAKJE 2020

Vikevarden
Vikevarden Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Me har gleda av å presentere Kryss og krakje 2020!

Me har endra litt på kryss og krakje frå tidlegare år. I år er det to utgåver - ei for fjellfanten, og ei for dei som likar seg i lenare terreng. Og likar du begge deler så blir du med på alt. 

Varianten i fjellet er nok litt vanskelegare nivå på enn det som har vore vanleg i Kryss og krakje - og set høgare krav til deg som turgåar om å ta hensyn til ver og føre - og å orientera. Me merkar ikkje desse turane og utover sporadisk varding må du finna fram på eiga hand. Men me gir deg eit gps-spor og ein turbeskrivelse på ut.no for å hjelpa deg fram til målet.

Kryss og krakje i busk og brakje

Turmål:

Posten på Kjepsoåsen er flytta til Trollhovden. Me beklagar forvirringa dette eventuelt skapar. Har du vore på tur til Kjepsoåsen og ikkje har funne posten ta kontakt (kjell.tyssen@dnt.no), så skal du få koden tilsendt. Brukar du postkassetrimmen må du framleis registrere deg på Kjepsoåsen.

Registrering:
Kvart turmål er utstyrt med ein postanvisar med ein bokstavkode på to eller tre bokstavar. Desse noterer du ned i "kodekortet" som du får på biblioteket, Mo Sport eller lastar ned og skriv ut sjølv. Desse kodane set du samen til to løysingsord. Eit hint her er at bokstavane står i rett rekkefylgje på kvar enkelt post.
Det er og mogleg å delta ved å nytta seg av  appen Postkassetrimmen. Me ber om at du berre deltek på ein av måtane.

Premiering:
Born: Born under 12 år får deltakarpremie ved innlevering/vising av fullført trim i appen. Krav for born er like mange turmål som dei er år.
Me trekkjer gåvekort blant dei som fullfører trimmen.


Idyll
Idyll Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Kryss og krakje i fjedle

Turmål:

Registrering:
Kun registrering i appen Postkassetrimmen

Premiering:
Me trekkjer gåvekort blant dei som fullfører alle turane.












Raudnos
Raudnos Foto: Elisabeth Fosse Rise
MoSport
MoSport Foto: MoSport