Kryss og krakje 2021

Kvam i kryss og krakje
Kvam i kryss og krakje Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Me har gleda av å presentere Kryss og krakje 2021!

Me har endra litt på kryss og krakje frå tidlegare år. I år er det ei utgåve med ti turar. 

Me merkar ikkje rutene, men mange av dei er merka frå før, eller har tydeleg sti. Men det me gir deg er eit gps-spor og ein turbeskrivelse på ut.no for å hjelpa deg fram til målet.

I år vert det ei blanding av nye fine turmål og gamle kjenningar. Me håpar du likar dei, og at du får mange fine turar.

Kom deg ut!

Registrering:
Kvart turmål er utstyrt med ein postanvisar som du ser i bildet øvst, med klyppetong. Her klypper du på rett stad i klyppekortet, som du får på biblioteket, Mo Sport eller lastar ned og skriv ut sjølv

Det er òg mogleg å delta ved å nytta seg av  appen Postkassetrimmen. Me ber om at du berre deltek på ein av måtane.

Premiering:
Deltakarpremie ved innlevering av klyppekort/vising av fullført trim i appen. Krav for born er like mange turmål som dei er år, er du over 10 år må du klara alle.

Periode:
Kryss og krakje går frå 1.juni til 31.oktober

Det vert og trekt gåvekort blant dei som fullfører trimmen.