Vera hyttetilsyn?

Hyttetilsyn på Breidablik
Hyttetilsyn på Breidablik Foto: Torill Aase Refsdal

Kvam turlag har tilsyn med hyttene Breidablik, Vending og Kiellandbu. Alle desse hyttene ligg innanfor Kvam herad sine grenser og ligg spektakulært og flott til på kvar sine måtar.  

Hyttetilsyn - noko for deg?

Som hyttetilsyn inngår du i ei gruppe med andre frivillige som er innom hytta med jamne mellomrom. Frekvensen varierer med sesong, om det er hyttevakter på hytta i periodar og kva hytte det ser snakk om. 

Oppgåvene går på ettersyn og utbetring av reinhold, små vedlikehaldsoppgåver, og gjerne brenning av bos. 

Løna er heller dårleg i pengar, men du gjer ein viktig jobb for at turlaget kan halda prisane sopass låge som dei er og for at hyttene skal vera kjekke å besøke. I tillegg får du sjølvsagt gode naturopplevingar. Og du får dekka alle kostander med reise, mat og opphald ifbm. tilsynsturar. 

Meld deg i skjemaet, så tek me kontakt!

Kiellandbu - Foto Hanne Olsen
Kiellandbu - Foto Hanne Olsen


Vending -
Vending - Foto: Svanhild Helgesen
Breidablik -
Breidablik - Foto: Hild Fjelmerstad Aaase