Dugnad

Hyttetilsyn på Breidablik
Hyttetilsyn på Breidablik Foto: Torill Aase Refsdal

Turlaget og DNT er basert på frivillig innsats. Dugnad frå gode turfolk for å halde rute- og hytte nettet i drift. Og ikkje minst for å arrangere turar. Me ynskjer deg med på laget.

Kvam turlag har tilsyn med tre hytter og me treng fleire hender for å sjå etter hyttene og gjera små oppgåver på hyttene.

Kvam turlag har rundt 100 kilometer med stiar som me merkar. Det er stadig behov for å friska opp att t-ane, eller bygge oppatt vardar som har lagt seg flate. 

Kvam turlag har dei siste åra arrangert rundt 40 turar i året. Me treng turleiarar til alle typar turar - korte turar, lange turar, høgfjellsturar, skogsturar, stølsturar, barneturar, ungdomsturar. 

DNT har ei kurs-rekkje for å bli turleiar på ulike nivå. 

Me håpar du kan tenkje deg å gjere ein innsats. 

Fyll ut skjemaet, så tek me kontakt med deg!

Dugnadsinnsats

Kvam turlag kunne siste år rapportere inn knappe 2500 timar med dugnad. Me ynskjer di hjelp også. Stor eller liten. Stimerking, hytter eller turleiar. Ta kontakt i skjemaet du finn link til på denne sida.

T-maling mellom Vending og Hamlagrø
T-maling mellom Vending og Hamlagrø Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen