Ta turen til Vending

Vending Turisthytte
Vending Turisthytte

Sommaren 2016 vart alle Bergen og Hordaland sine 25 hytter filma med drone. Kvar veke framover kjem dei til å presentera dei flotte hyttene sine for oss. Dagens hytte er Vending.

Vending ligg flott plassert ved Vendingstjørn i fjellet mellom Bergsdalen og Kvam, berre 2-3 timar på beina i lett terreng frå Hamlagrøosen i Bergsdalen. Frå Kvamskogen må du rekna 5-6 timar. Og frå Fitjadalen 4-5 timar. Hytta er sjølvbetent og har 30 sengeplassar.

Hytta er fullt utstyrt med sengetøy og kjøkkenutstyr, ved og gass. Du må ha med lakenpose eller sovepose og kle etter veret, pakk lett sekk og legg avgårde langs merka sti. Hytta er eigna for familiar med born, grupper, tradisjonelle fjellvandrarar men og alle som vil prøva det enkle hyttelivet under gode forhold. Hytta er tilpassa for hund med tre hundebur i sikringshytta.

Det er mange dagsturmoglegheiter frå hytta, og det er mogleg å gå fleire dagar på tur frå hytte til hytte - dei næraste hyttene er Breidablik (opnar i juli) og Gullhorgabu.

(Artikkelen er basert på artikkel publisert av Bergen og Hordaland turlag v/Einar Sleire: )