GPS og smarttelefonar

Smarttelefon kan vera nyttig på tur
Smarttelefon kan vera nyttig på tur Foto: Sindre Thoresen Lønnes

GPS er eit veldig nyttig hjelpemiddel i fjellet i tilegg til kart og kompass. Ulempen er at eigne gps-einingar kostar nokre kroner. Men det fins alternativ. I dag har dei fleste gps innebygd i telefonen sin, og kan derfor bruke denne til å navigere etter.

I desse Kvam i kryss og krakje-tider så slit mange med navigeringa, og me anbefalar absolutt å setje seg inn i basis kartkunnskap før ein legg ut på dei lengre turane åleine. Men uansett tur-lengde kan ein GPS vera kjekk å ha med som ekstra tryggleik. 

GPS er eit (amerikansk) system for å finne di plassering på jordoverflata. Ved hjelp av ei rekkje satellittar i verdsrommet klarar gps-eininga di eller smarttelefonen din å plassere deg ned på centimeter nøyaktigheit. Kor nøyaktig kjem an på forholda (kor mange satellittar ein "ser"). 

Ein eigen Gps-eining er absolutt å føretrekke (du treng ikkje nett-tilgong, du kan skifte ut batteria undervegs, batteria held typisk eit døgn i kontinuerleg drift, og dei tåler som regel vatn i større grad en telefonar). Dei kostar frå ein tusenlapp og oppover. Bruken av desse tek me ikkje føre oss her utover at du lastar ned gpx-sporet frå ut.no, nyttar gps'en sitt eige program og lastar opp sporet til gpsen og brukar det derfrå. Her finn du nok guidar på nett som hjelper deg. 

På kortare turar, helst med mobildekning, kan smarttelefonen din gjera nytten, GPS sug batteri av telefonen din, og saman med mobildata held ikkje telefonen mange timane.

I eksempla under er det ein Android telefon som er brukt, men prinsippa er dei same på Microsoft og Apple telefonar, sjølv om du mogleg må finne eit anna program enn det me har brukt her.

Me vil her kort beskrive to metodar for å bruke smarttelefonen som gps og kart: Online med kartet på ut.no og utan nett/mobildata med appen GPXViewer. 

GPX er ein standard for å lagre posisjonsdata i filer. I denne samanhengen typisk brukt for å vise kor stien går ved hjelp av ei rekkje punkt lagra i denne fila. Det finnes ei rekkje slike standardar, der GPX nok er den vanlegaste.

Ut.no
Under ser du ein skjermdump frå https://www.ut.no/kart/. Nedst til høgre i bildet er det ein blå prikk. Denne viser din posisjon. Turen du skal gå finn du ved å trykke på dei ulike vandrar-symbola i kartet. 

Så lenge du har mobildatadekning på telefonen vil du få oppdatert kartet, og kan zoome deg inn og ut for å sjå høgdeforskjellar og fin-navigere etter sporet me har lagt ut (teikna som ein svart strek).

ut.no mobilkart
ut.no mobilkart Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

GPX Viewer
Denne løysinga krev litt førebuing før avgang - du treng wifi/mobildata til desse. Først og fremst må du laste ned GPX Viewer (Google Play, gratis - Kvam turlag går på ingen måte god for applikasjonen og du nyttar den på eige ansvar) på telefonen din. 

Så må du laste ned GPX-fila frå ut.no (eller andre kilder). Inne på turbeskrivelsen på ut.no finn du link til nedlasting av GPX fil under kartet. Etter at du har fått lasta ned fila velger du å opne denne. I Google Chrome ser du opne-knappen nederst til høgre, i andre nettlesarar kan det vera annleis.

Screenshot - Ut.no - gpx-nedlasting
Screenshot - Ut.no - gpx-nedlasting Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

GPX-fila opnar seg då i GPX Viewer applikasjonen (du kan også opne filer igjennom GPX Viewer sitt meny-system), og det vert lasta ned eit halvdårleg kart frå Google Maps for eit lite område. Som på ut.no-kartet vil du/din posisjon også her vera representert med ein blå prikk i kart-bildet. Merk at kartet på sitt beste her er langt dårlegare enn på ut.no, men du kan fylgje sporet på same måte også utan kart - og det er ein stor fordel i mobilfrie soner i den norske fjellheimen.

(Du kan sjølvsagt laste ned mange GPX-filer til telefonen og opne desse etter behov utan å vera på nett. GPX-filene er ganske små.)

Merk at kvaliteten på GPX filer kan variere veldig, nokon kan vera teikna for frihand og har relativt dårleg presisjonsnivå, mens andre er laga med med ein GPS og er dermed (stort sett) ganske nøyaktig. 

Lukke til og godt tur!

Gpx viewer screenshot
Gpx viewer screenshot Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen