Korona-tiltak

Me startar oppatt aktiviteten vår.

Med påmelding på alle turar, minst ein meter mellom kvarandre og grunnleggande smittevern går me no på tur saman att.

Me fylgjer DNT sine smitteverntiltak - dette set litt nye krav til både deltakarar og turleiarar.

Som deltakar kan du ikkje delta på våre aktivitetar dersom du har tegn på sjukdom, er sjuk eller er i karantene. Deltakarar (og turleiarar) skal og ha litt høgare fokus på tryggleik for å ikkje belasta rednings og helsetjeneste unødvendig. 

Du må halde minst ein meter avstand til andre deltakarar (unntak for same hustand/smittegruppe), og du skal ikkje samkøyre med andre. Alt utstyr og mat/drikke skal vera personleg. I tillegg det vanlege smittevernet me har i det daglege - ikkje handhelse, klemme, hoste i albogen mm.

Me er nøydd til å avgrensa talet på deltakarar på kvar tur, og må i tillegg som ansvarleg arrangør ha oversikt over kven som deltek, me har derfor påmelding til alle turar. Møter du opp utan påmelding kan du bli avvist. Påmelding skjer stort sett ved sms/telefon til turleiar. 

Turleiar har full rett til avvisa og visa bort deltakarar som ikkje forheld seg til desse smitteverntiltaka, og skal ha fokus på - og minna deltakarane på - å overhalda dei.


Soloppgang over Nyasete
Soloppgang over Nyasete Foto: Kjell Inge Tufte TYssen