Kulturpris til Kvam turlag

Kvam turlag får Kvam herad sin kulturpris i 2015
Kvam turlag får Kvam herad sin kulturpris i 2015 Foto: Knut Markhus/Kvam herad

Årets kulturpris frå Kvam herad gjekk til Kvam turlag. 



Tilstades for å motta prisen var Anna Mo-Bjørkelund, Linda Lygre og Hildegunn "Turbo" Berge Eide. Turlagsleiaren måtte trå til på Vending for å gjera hytta klar til sessongen - utan dugnad stoppar turlaget.
Kvam turlag vil dela prisen med alle turgåarar – utan dykk ville ikkje tur blitt til kultur.

Knut Markhus, kultursjef i Kvam herad grunnga tildelinga slik:

Kulturprisen for 2015 går til Kvam turlag, for laget sitt store, frivillige arbeid for å få folk ut på tur. Det er ekstra høveleg å gje laget kulturprisen no, i Friluftslivets år.

Kvam turlag vart stifta i 1994 som eit lokallag under Bergen Turlag/Den Norske Turistforening. Laget har i dag i overkant av 500 medlemer.

Laget merkar rundt 100 kilometer med stiar, og har tilsyn med tre hytter: Breidablik, Vending og Kiellandbu. Ikkje minst arrangerer laget turar, året rundt. Turane har varierande lengde og vanskegrad, slik at Kvam turlag tilbyr naturopplevingar til ei stor breidde av befolkinga.

Laget feira 20-årsjubileum i 2014, og markerte dette med det nye tiltaket «Kvam i kryss og krakje». Dette vart ein stor suksess, og held fram i år. 20 postar vert plasserte ut over heile Kvam frå Krossfuru i Ålvik via Byrkjefjell på Kvamskogen til Nessteinen i Mundheim. Dette er eit familievenleg opplegg, heilt i tråd med intensjonane i Friluftslivets år.

Kvam turlag er basert på frivillig innsats, og registrerte i fjor kring 2500 timar med dugnad. Laget er veldrive, og dyktig i sin kommunikasjon med medlemer og andre, mellom anna gjennom sosiale medium.  

Kulturprisen for 2015 er eit trykk av Jarle Rosseland. Motivet er eit glimt av Kvam turlag sitt aktivitetsområde – både fjord og fjell, og har det høvelege namnet «En hyllest til Hardanger».

Glade prisvmottakarar - Anna Mo-Bjørkelund og Hildegunn "Turbo" Berge Eide
Glade prisvmottakarar - Anna Mo-Bjørkelund og Hildegunn "Turbo" Berge Eide Foto: Linda Lygre