Kjetilsnuten

Fellestur

Dato
26. august kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Kvamikryssogkrakje
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Oppmøte: Fetet i Fitjadalen kl 10.00. Samkøyring frå Kiwi, Øystese kl 9.30.

Tilkomst: Ta av frå Fv 7 ved Øystese mot Fitjadalen

Turskildring: På skogsveg til Flatebotnane. Deretter på T-merka rute mot Vending. Litt før Geitastølen går stien oppover mot Nilsabakken. Etter kryssing av elva går stien bratt oppover før ein kan ta ein velfortent pause ved elva for å nyta den vakre Honskusdalen. Turen går vidare inn dalen før stien dreiar mot vest med Skrivarnuten på høgre hand. Ved sauene sin saltstein, går turen rett mot sør langs ryggen mot Kjetilsnuten (1026 moh) som gjev flott utsyn over Øystesevassdraget, Hamlagrø og fjella rundt. 

Lengd: 12 km - 800 høgdemeter

Mat: Mat og drikke for dagstur
 
Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring. Kvam turlag har Vipps og SPING for betaling av turkontingent.

Kart:  

Kjetilsnuten

Oppmøte: Fetet i Fitjadalen kl 10.00. Samkøyring frå Kiwi, Øystese kl 9.30. Tilkomst: Ta av frå Fv 7 ved Øystese mot Fitjadalen Turskildring: På skogsveg til Flatebotnane. Deretter på T-merka rute mot Vending. ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Øyri
  • Tlf. 91304270