Kaldenuten frå Torfinnsheim

Fellestur

Fra dato
28. april kl. 10:00
Til dato
29. april kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: 

Felleskøyring frå Esso Norheimsund kl 11.00

Tilkomst: 
I privatbilar til Hodnaberg

Turskildring: 
Laurdag går me den korte turen frå Hodnaberg opp til Torfinnsheim der me kvittar me oss med tung last før me legg ettermiddags-/kveldsturen til Kiellandbu. Bortsett frå ei kneik opp frå Hardingaskaret går denne turen i eit lettkupert terreng.

Etter ein god middag og ei god natts søvn et me ein god frokost, lagar niste, pakkar tursekken og peikar nasene mot det nest høgste fjellet i Kvam, Kaldenuten. Kaldenuten med si litt avsidesliggjande plassering er lite besøkt, i alle fall av kvemmingar. Frå Torfinnsheim er turen slett ikkje så lang, og på vårsnø vonar me dette vert ein fantastisk tur.
 

Lengd
Totalt ca 16 km første dag. Ca 25 km andre dag.

Mat: Turleiar ordnar varmt måltid lørdag og søndag. Deltakarene tek med eigen brødmat til frukost og niste. Det er ikkje proviantlager på Torfinnsheim.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 100. Ikkje-medlem kr 200,-.  Bli DNT-medlem. I tillegg kjem felles mat og spleising på køyring. Overnatting betalar kvar enkelt sjølv. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent. 

Kart: Voss

Påmelding innan 26. april.

Kontaktinformasjon:

  • Oddbjørn Borge
  • Tlf. 90626315

Turleder:

  • Oddbjørn Borge