Avlyst: Karaldenuten

Fellestur

Dato
16. september kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Grunna dårleg vermeldingar er turen avlyst. Turen går i terreng med mykje blanke svaberg som vert glatte å føta seg ved vått ver.

Oppmøte: 
Oppmøte parkeringsplass ovom Ålvik skule, Haugenjordet  kl 0900 (Nb! Påmelding!)

Turskildring:
Vår rute startar frå stistart i enden av Haugenjordet om lag 100 m.o.h Nær 1200 hm ventar oss.  Me klyv først bratt opp stien til Krossfuru der me tek av på stien inn mot Roaldsdalen. Her går me over i lettkupert terreng, kryssar Båsgjelelva, så Dalaelva (hugs å fylla vatn på flaskene),  før me forserer flatane innover "nedre" Roaldsdalen.  No er me  inne i "indrefileten" av dalen, med høge karakteristiske toppar på begge sider, og kanskje ei ørn som våker over oss der me klyv gjel etter gjel oppover dalen.

Vel oppe frå dalen opnar landskapet seg, og me får dagens mål i sikte. Då gjenstår 400 hm med aukande utstik  til toppen på 1295 moh. Returen går om Båsgjel og den T-merka ruta.

I klarvær har vi storstilt utsyn over Ålvikfjella, Vossafjella og glimt av fjorden frå toppen.

Turen vil me rekna som krevjande og føreset at du er i bra form og stolar på balansen. Ta med ei dugaleg niste. 

Under gode tilhøve tek turen om lag 8 timar t-r.

Lengd
13-14 km og 1200 høgdemeter

Mat: 
Ta med godt med niste.


Vilkår: Sjå generelle vilkår

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring og eventuell transport frå Fitjadalen til Hovland/Øystese. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent.

Kart:  
Kart Kvamskogen og Bergsdalen 1: 50000

Avlyst: Karaldenuten

Grunna dårleg vermeldingar er turen avlyst. Turen går i terreng med mykje blanke svaberg som vert glatte å føta seg ved vått ver. Oppmøte:  Oppmøte parkeringsplass ovom Ålvik skule, Haugenjordet  ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Geir Morten Utskot
  • Kjell Inge Tufte Tyssen