Horndalsnuten og Seldalsnuten med Telt

Fellestur

Fra dato
17. mars kl. 08:00
Til dato
18. mars kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag

Raundalseggi er noko av det meir alpine fjellområde i Hordaland. Denne helgen skal me verte betre kjend med to av toppane.

Oppmøte: Essoen, Øystese, 0900

Tilkomst: Me organiserer oss i privatbilar til skitur-start.

Turskildring: 
Raundalseggi er noko av det meir alpine fjellområde i Hordaland. Denne helgen skal me verte betre kjend med to av toppane. Turen vil eg klassifisere som krevjande så god form og skikkeleg utstyr er viktig. Samtidig har me lagt inn god tid, og sikkerhet/godt vegval vil stå i høgsete. Max tal på deltakarar 12 stk.

Laurdag kl. 0900 møtast me på Essoen i Øystese. Herfrå køyrer med i privatbiler til toppen av Skjervet (Granvin) og tek av på vegen som førar oss til garden Skår 500 m.o.h. Herfrå får me sekkane på ryggen og ski på beina og sig innover i retning Hensdalane aust for Fagerlii.

Etter om lag 2,5 km og 300 m stigning  i fint småkuppert terreng finn me ein høveleg leir i området ved foten av ryggen som går  NV mot 1018. Kartreferanse for leiren: (736227). Me setter opp telt får i oss litt mat og pakkar om til lettare sekker.

Etter pausen står Horndalsnuten 1461 for tur. Me går via 1018 og følgjer ryggen nærast Hjalladalen nordover til 1300 m.o.h og dreiar gradvis NV mot toppunktet på 1461. I klårvær får me eit storstilt utsyn. Nedturen går om lag i same trase som oppturen tilbake til leiren. Betre middag i teltet og kveldskos rundt bålet?

Neste morgon står Seldalsnuten 1547 via Våareggi  for tur. Me satsar fortsatt på dagstursekkar og forlèt soveposar og telt i leiren. Me går austover til den vestlege utløparen av eggi og følgjer ryggen dei 750 metrane til topps. Retur til leiren i same trase, pakkar om og retur til Skår.

Lengd: 2 dagar - 22km/1750høgdemeter fordelt på to dagar.

Mat: Felles middag. Frukost og turniste laurdag og sundag må kvar enkelt sørgje for sjølv.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. Desse toppane er høvesvis alpine og det er viktig  med gode fjellski med stålkantar , randone eller telemarkski med helfeller og erfaring frå toppturar på vinter. Alle deltakarar må ha gode vinterkle, sovepose og liggeunderlag som er berekna på vinter, og hovudlykt.
Krav om søkestang,  skredsøker og  snøspade (Dersom nokon treng å låne noko av dette prøver me å organsiere det - gje beskjed). Sjå over at alt utstyr er i god stand og at det er nye batteri i skredsøker og lykt.
Kokeutstyr middag og telt avtalar me på førehand  mellom deltakarane. Førstehjelpsutstyr og  kommunikasjonsutstyr tek turleiar med. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 200. Ikkje-medlem kr 400,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring og middag. Kvam turlag har Vipps og SPING for betaling av turkontingent.

Kart:  1316 II Ulvik

Kontaktinformasjon: