Topptur til Solnuten

Fellestur

Dato
31. juli kl. 08:30 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Kvam Turlag

Oppmøte: Me samlast på Tøvikbygd ferjekai seinast kl 08:30. Ferja går kl. 08.50 og me satsar på samkøyring frå Jondal. Det er kr. 100,- i bompengar på Fonnavegen.

Turskildring: 

Målet for turen er Solnuten, 1551 moh i Ullensvang kommune. 

Det vert sagt at dette er den første toppen i Sørfjorden sola skin på om morgonen, og den siste som mister sollyset om kvelden. Den er og eit dei høgste fjella på Folgefonnhalvøya.

Turen startar ved Botsvatnet på 700 moh. Første 200 hm går me opp langs anleggsveg før me kjem inn på sti og set kursen mot Skarvabotn. Inst i Skarvatotn går me opp ei bratt kneik før me kjem inn i lettare terreng bort langs Skarvabottvatnet. Vidare opp ca 200 bratte hm. og inn mot stikryss med Buføringsvegen. Her tek me av frå sti og går så rett på Solnuten som terrenget tillet.

Me håpar på nokre snøfenner, difor turen vert sett opp litt "tidleg" på år. Ved dårlig ver vert turen avlyst.

Lengd
Turen er ca 10 km kvar veg, og me reknar me å bruke ca 10 timar tur/retur. Det er totalt 1100 høgdemeter stigning inn til Solnuten og nokre hundre på returen. 
Mat: 
Ta med god niste for ein lang dagstur.

Påmelding: Til Geir Morten Utskot, gjerne SMS til 99700980 eller ring om du vil ha meir info om vanskegrad.


Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. 
Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent.

Kart:  Folgefonna10030 Norge-serien

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Geir Morten Utskot
  • Oddbjørn Borge