Oppmøte:
Påmelding til turleiar innan 24.april
Turskildring:
Turen startar på Kvamskogen i nærleiken av Jonshøgdi spenner me på oss skia og går oppover mot Tryggakleiv og vidare dei bratte bakkane opp til fortoppen på Byrkjefjell før det flatar litt ut opp til høgste punktet på fjellet. Ein liten nedfart til inngangen av Purkegjelet, som me følger oppover nesten til endes før me tek ut kursen mot toppen på Iendefjell.
Frå Iendefjell er det ei flott nedkøyring til Gråureskaret før me får litt kuppert terreng med nokre innslag av bratte bakkar inn mot toppen av Fuglafjell, Kvam sin høgste topp på 1334meter over havet.
Me går nedatt om Sørfuglen og får ei fin nedskriing mot Myklavatnet. Over vatnet og vidare ned til Sjusete via Krok.
Lengd:
22 km og 1500 høgdemeter
Mat:
Ta med godt med niste.
Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet.
Vilkår: Sjå generelle vilkår
Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-. Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring og eventuell transport frå Fitjadalen til Hovland/Øystese. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent.
Kart:
Kart Kvamskogen og Bergsdalen 1: 50000
Skolapp og Fotasperrnuten frå oppgangen til Fuglafjell Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen