Hodnaberg - Nansenbu - Kaldenuten

Fellestur

Fra dato
25. april kl. 11:00
Til dato
26. april kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Oppmøte/avreise: 

Felleskøyring frå Essoen i Norheimsund kl 0900

Tilkomst: 
I privatbilar til Hodnaberg via Voss. Frå Bergen via Dale-Hamlagrø til Hodnaberg

Turskildring: 
Laurdag startar me med ca 3 km /300 hm opp mot Torfinnsheim. Her på 900 moh er me alt kome over tregrensa, og turen går vidare inn i dette flotte høgfjellet til Nansenbu. Det er ca 8 km og nye 300 hm til hytta som ligg på 1200 moh..Ruteval på denne strekninga vert gjort når me ser om det går å kryssa Torfinnsvatnet på isen og gå opp til hytta, eller gå rundt langs vatnet. Rutene er omlag like lange.Ta med niste til turen opp.

Når me kjem opp til hytta skriv me oss inn, etablerer oss og lagar oss mat. Om tilhøva er gode (vær og tid) og det er saft igjen i beina, er det ikkje umogeleg med ein frekk kveldstur på Hjortahorgi 1350 moh for dei som ynskjer. Det er under 3 km og ca 150 høgdemeter til denne nære naboen til Nansenbu.

Etter ein god middag og ei god natts søvn, et me ein god frokost, pakkar sekkene,.og set kursen mot Kaldenuten 1332 moh. Dette nest høgste fjellet i Kvam er med si litt avsidesliggjande plassering eit lite besøkt fjell, i alle fall av Kvemmingar. Frå Nansenbu er turen slett ikkje så lang, ca 6-7 km og under 150 høgdemeter, og på vårsnø vonar me dette vert ein fantastisk tur. Me satsar på gode nedkøyringar på returen som går ned til Torfinnsvatnet (430 høgdemeter nedkøyring) og langs eller over vatnet mot Torfinnsheim og ned til Hodnaberg. 

Lengd
Totalt ca 11 km første dag. Ca 15 km andre dag.

Mat: Turleiar ordnar varmt måltid lørdag. Deltakarane tek med eigen brødmat til frukost og niste til turen opp, og til turen søndag. Det er ikkje proviantlager på Nansenbu.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 100. Ikkje-medlem kr 200,-.  Bli DNT-medlem. I tillegg kjem felles mat og spleising på køyring. Overnatting betalar kvar enkelt sjølv. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent. 

Kart: Voss

Påmelding innan 21. april.

Hodnaberg - Nansenbu - Kaldenuten

Oppmøte/avreise:  Felleskøyring frå Essoen i Norheimsund kl 0900 Tilkomst:  I privatbilar til Hodnaberg via Voss. Frå Bergen via Dale-Hamlagrø til Hodnaberg Turskildring:  Laurdag startar me med ca 3 km /300 ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Oddbjørn Borge