Avlyst Borna sitt turlag: Gullhorgabu

Fellestur

Fra dato
28. mars kl. 10:00
Til dato
29. mars kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Barn
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Oppmøte: 
Klokka 1200, parkeringsplass merka Gullhorgabu ved Småbrekke. Om mogleg organiserer me oss for felles transport.

Turskildring: 
Me går frå Småbrekke opp dei vel 100 høgdemetrane til Moavatnet. I enden av vatnet ligg Moastølen, og her på deltaet rundt stølen er det ein trollskog med over 100 grovvaksne gamle bjørker som me kanskje får auge på. Så luffar me opp bakkane langs Moadalane til det flatar ut ved Grågavltjørnane.Eit lettkupert terreng ventar oss inn mot Storlitjørni der Storliknausen ruvar langs vatnet. Me går over dette før me tek dagens siste bratte stigning opp til Høgda før sjarmøretappen gjenstår før me er framme til Gullhorgabu. Me reknar med å bruke 3-4 timar på turen opp.

Retur på sundag går same vegen tilbake, men alle motbakkane har no vorte til kjekke nedoverbakkar. Me reknar med at returen tek ca. 2 timar, og vil vera tilbake i bilane ca 1600.

Lengd
8km kvar veg. 400 høgdemeter opp til Gullhorgabu.

Mat: 
Turleiar organiserer middag laurdag og havregraut til frukost på sundag frå matlageret på hytta.
Annan proviant kan kjøpast på hytta eller takast med. Alle må ta med niste og drikke til turen til og frå hytta.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: Ca kr 200,- pr deltakar. Prisen inkluderer turleiing, middag og frukost. Overnatting, transport  og øvrig mat dekkjer kvar enkelt.  Bli DNT-medlem (Hugs at born under 13 bur gratis når dei er medlemer og vaksne betaler mindre for overnatting - medlemskap er spart inn fyrste natta). Kvam turlag har Vipps nr 85553 for betaling av turkontingent.

Kart:  Turkart Kvamskogen og Bergsdalen

Turleiar: Geir Morten Utskot, 997 00 980 og Kjell Inge Tyssen

Borna sitt turlag: Gullhorgabu

Oppmøte:  Klokka 1200, parkeringsplass merka Gullhorgabu ved Småbrekke. Om mogleg organiserer me oss for felles transport. Turskildring:  Me går frå Småbrekke opp dei vel 100 høgdemetrane til Moavatnet. I enden ...

Kontaktinformasjon:

  • Geir Morten Utskot
  • Tlf. 99700980

Turleder:

  • Geir Morten Utskot