Avlyst Horndalsnuten

Fellestur

Dato
21. mars kl. 08:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst av smittvernhensyn.

Horndalsnuten er eit flott fjell Vossingane ikkje bør få ha for seg sjølv. Har du vore på Vangen har du garantert sett den i horisonten på austhimmelen. Me køyrer til Skjervet og går opp frå Skår. Turen krev litt skiferdigheiter og utstyr for varierande førforhold i vinterfjellet - gode fjellski med stålkantar eller rando/telemarksski.

Turbeskriving:  

Kart Norge-serien Hardangerjøkulen 1: 50000

12 km og 900 høgdemeter

Horndalsnuten er rekna som ein av dei meir alpine toppane i Hordaland. Samstundes er han rimleg greit tilgjengeleg frå fleire kantar. Vår rute starter frå garden Skår 500 m.o.h om lag 3 km kjøretur frå toppen av Skjervet /Granvin. Kl 0900 spenner me på oss skiene og vandrar i slakt stigande terreng i lett bjørkeskog dei første 3 kilometrane nordover inn Hensdalane. Etter eit par kilometer syner store delar av Raundalsegga seg. På 900 m.o.h entrar vi ein rygg som bringar oss inn på hoved-massivet til Horndalsnuten. Denne fylgjer vi opp til 1018 og vidare nordover til 1300 m.o.h. Her dreier me gradvis Nordvest mot toppunktet på 1461. I klarvær får vi eit storstilt utsyn.

Turen vil eg rekna som krevjande og føreset at ein er i god form og har godt skiutstyr for vinterfjellet.Ved greie forhold 8 timer t-r Skår.

Påmelding til Peter Helland-Hansen på tlf 48062449

Oppmøte på Statoil Øystese kl 0800


Mat: Kvar enkelt sørgjer for si eiga niste.

Påmelding innan 20. mars til turleiar

Vanskegrad:  Krevande
Varigheit:  Omlag 8 timar

Turleiar: Peter Helland-Hansen, 480 62 449

Utstyr: Gode fjellski eller rando/telemarksski. Bekledning som oppgitt i pakkelista for vinterturer. Sjå https://www.bergenoghordalandturlag.no/tips-og-triks/.

Pris: 0/50,- medlem/ikkje medlem + eventuell spleising på køyring.
Påmelding innan 20.mars.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Peter Helland-Hansen