Helgetur til Breidablik (Borna sitt turlag)

Fellestur

Fra dato
31. august kl. 12:00
Til dato
1. september kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Born
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!

Me møtest på parkeringsplassen på Fete i Fitjadalen laurdag 31. august klokka 10. Me legg opp til ein matpause på Håsete, utanom det tek me pausar etter behov. Me skal opp mange lange bakkar, men me tek det i det tempoet som passar dei med kortast bein.  Turen opp er om lag 5 km, med 1000 meter stigning.

Vel framme og installert er det frileik for borna, medan dei vaksne lagar middag. Etter middagen har me litt fellesaktivitetar. Elles kan me spela spel, kanskje bada i pøysa, gå på tur, og berre leika. Før leggetid samlar me oss til ei forteljingsstund.

Påmelding: Ingunn H. Teigland, 48140995 (snarast, avgrensa med plassar)

Turleiarar: Ingunn Hildonen Teigland og Elisabeth Fosse Rise

Oppmøtestad: Fitjadalen klokka 10 laurdag

Heimreise: Me går frå Breidablik klokka 12 sundag. Viss det er ynske om det, går me til toppen av Skrott før me går ned att til Fitjadalen.

Mat: Inkludert: Middag laurdag. Meld frå om de har allergiar eller andre behov. Kvar tek med eigen tørrmat og godsaker. Hytta har proviant, for dei som ynskjer å kjøpa det.

Utstyr

  • Tørrmat
  • Lakenposar eller soveposar
  • Gode klede og gode sko.
  • Kart og kompass for den som har

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Pris: Medlem: Vaksne kroner 300,-; born kroner 0,- (0-12 år). Ikkje-medlem: Vaksne kroner 600; born, kroner 250. Prisen inkluderer middag, overnatting og turleiing. Betal til kontoen til Kvam turlag før helga, kontonummer 3530 07 02706 merk innbetalinga med "Tur Breidablik".

Vilkår: Sjå generelle vilkår
 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ingunn Hildonen Teigland
  • Elisabeth fosse