Kvam på langs: Sundvordalen - Geitafjell - Norheimsdalen

Fellestur

Dato
24. august kl. 11:10 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: 
Vil du gå det som ein rundtur kan du møte 1110 på Tokagjel. Det kan bli moglegheit for å køyre til Byrkjesete denne dagen.
Vil du gå nedatt til Norheimsund anbefalar me rutebuss frå Norheimsund kl 1100 som er ved Tokagjelet 1109. 


Turskildring: 
Me går via Byrkjesete nydelege Sundvordalen, nyt naturen der og tek oss vidare i den slake dalen som går bak Solhellanuten til foten av Geitafjell. Herfrå tek me oss litt brattare, opp på fjellet og nyt utsikta over fjord og fonn. 

Frå Geitafjell går me mot Selesettjørn og til Norheimsdalen.

Her legg me opp til at dei som vil gå ned til Norheimsund kan gjera det via Allkleiv, Selesete og Norheim - medan dei som føretrekk ein rundtur går tilbake til Klypet, ned Dusgjel og til Byrkjesete. 

Lengd: 14km/700hm

Mat: Ta med niste.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring. Kvam turlag har Vipps for betaling av turkontingent.

Kart:  Voss

Kontaktinformasjon:

  • Inger Dysvik
  • Tlf. 41308574

Turledere:

  • Inger Dysvik
  • Kjell Dysvik