Jenteturen

Fellestur

Fra dato
31. juli kl. 16:00
Til dato
4. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!

Etter femten år med jenteturar seier Evy at dette vert hennar siste som turleiar. Kva passar vel då betre enn å avslutta på loffen i Heimafjedla. Turen går frå Fitjadalen og endar i Kvitingen og fer innom Breidablik, Vending, Gullhorgabu og Høgabu på vegen. Målet er korte dagsetappar og mykje kos (for ein gongsskuld). 

Påmeldinga innan 1.juni!

Oppmøte: Fitjadalen, etter avtale med turleiar.

Turskildring: 
Onsdag: Fitjadalen - Breidablik, ca 1000hm/7km (startar på ettermiddagen), overnatting på nye Breidablik
Torsdag: Breidablik - Vending
Fredag: Vending - Gullhorgabu
Laurdag: Gullhorgabu - Høgabu
Sundag: Høgabu - Kvitingen

Lengd
pt. ukjent. Dagsetappane direkte mellom hyttene er alle i utgangspunktet rekna å vera under fire timar gangtid. 

Mat: Avtalt og koordirnert av turleiar

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: Etter avtale med turleiar.

Kart:  Kvamskogen og Bergsdalen eller Nordeca 50 000 - "Voss"

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Evy Kleivane