Saksaklepp

Fellestur

Dato
8. september kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Jondal
Arrangør
Kvam Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

 

Tilkomst: Bil til Tørvikbygd, nokre bilar over til Jondal for samkøyring opp til Dravledalsdammen.

Oppmøte: 
Tørvikbygd ferjekai, kl 1000 (ferje kl 10:10) 
Turskildring: 
Turen går til det høgste fjellet i Jondal, Sasksaklepp 1491 moh. Fjellet med si karakteristiske form er godt synleg frå store deler av Kvam. Me køyrer opp til Dravledalsdammen der turen startar på ca 1000 moh.  Over demningen og så bratt opp mot Bjørnefetet 1408 moh. Vidare litt nedover før den siste bratte oppstigninga til Saksaklepp. Frå toppen er det i fint ver ei mektig utsikt, til dømes innover i fjella mot Folgefonna og over mot Sørfjorden, og tilbake mot Kvam. Eit fjell å bli kjend med for dei som har utsikt til Jondsalsfjella i kvardagen og alle andre som vil gå ein fin fjelltur.

Lengd
8,5 km / ca 500 høgdemeter
 

Mat: Niste til dagstur.


Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet. 

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring. Kvam turlag har Vipps og SPING for betaling av turkontingent.

Kart:  10030 Folgefonna i Norge-serien (nordeca)

 

Saksaklepp

  Tilkomst: Bil til Tørvikbygd, nokre bilar over til Jondal for samkøyring opp til Dravledalsdammen. Oppmøte:  Tørvikbygd ferjekai, kl 1000 (ferje kl 10:10)  Turskildring:  Turen går til det høgste fjellet ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Oddbjørn Borge