Svèningen - luftig rundtur

Fellestur

Dato
2. juni kl. 09:00 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Kvam Turlag
Dette arrangementet er over!

Svèningen 842 moh er høgste fjellet i Os. Det er også grensefjell mellom Os, Samnanger og Bergen. Me tek rundturvarianten som på returen byr på luftig vandring langs eggane nedover til Midtsæter/Lønningdal.

Oppmøte:  v/Esso Norheimsund kl 0900 (samkøyring for dei det høver for)

Tilkomst: Med bil over Kvamskogen, tek av mot Os i krysset i Hisdalen og vidare ut til Lønningdal og opp i Øvredalen

Turskildring: 

Me startar å gå ved parkeringsplassen inst i Øvredalen, over ei lita bru og vidare langs merka rute innover i skogen.

Når me kjem over tregrensa får me flott utsikt bakover mot Øvredalen. Her aust for Fjellbotnen føl me eggen bratt opp mot toppen. Det er spesielt eit par stader der det er skikkeleg bratt.

Frå toppen er det i fint ver vid utsikt i alle himmelretningar. Frå Samnanger og Gullfjellet og byfjella i nord, til Tysnes og Kvinnherad og Austevoll i sør. Frå Folgefonna i aust til Sotra og havet i vest.

Frå Svèningen reurnerer me ei lengre og slakare rute via fjellrekka Søtafjellet, Sauskolten, Rindafjellet og ned til Midtsæterfjellet. Mykje av denne turen går langs eggar med bratt utsikt ned i Skreddalen/Øvredalen på eine sida og Sanddalen på den andre sida. Ein tur som byr på fantastisk utsikt, samt ei uventa høgfjellskjensle så langt mot havet i sørvest.

Lengd: Ca 5 km opp og ca 8 km ned.Nær 800 høgdemeter oppstigning.

Mat: God niste for ein 5-6 timars tur.

Utstyr: Sjå turlaget si utstyrsliste for sommarfjellet.

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Pris: DNT-medlem kr 0. Ikkje-medlem kr 50,-.  Bli DNT-medlem. Prisen inkluderer ikkje felles køyring. Kvam turlag har Vipps og SPING for betaling av turkontingent.

Kart:  Folgefonna/Voss

Svèningen - luftig rundtur

Svèningen 842 moh er høgste fjellet i Os. Det er også grensefjell mellom Os, Samnanger og Bergen. Me tek rundturvarianten som på returen byr på luftig vandring langs eggane nedover ...

Kontaktinformasjon:

  • Geir Morten Utskot
  • Tlf. 99700980

Turleder:

  • Geir Morten Utskot